tirsdag 12. april 2011

Siste mote 1940-åra!



"Når du har streva for å få til kleda, så vert du ekstra påpasseleg. Du får eit spesielt forhold til klede du har laga sjølv."

I denne utstillinga viser vi klede vi har fått låne av Synnøve Erdal som bur i Ålesund.
Dei er laga og brukt då ho var ung jente og dame i tida like før, under og etter krigen 1940 - 45, og viser kva som var på moten på denne tida.



Dei fleste plagga er både spunne, vovne og sydde av henne.
Ho vaks opp på ein liten gard på Ytre-Standal, og frå ho var lita, lærte ho å veve og sy av mor si. Det er ikkje mange, om nokon, som lagar sine eigne klede frå grunnen av i våre dagar.




Ein gong var dette både vanleg og nødvendig. Og ein skulle nytte ressursane og ta vare på det ein hadde.



Synnøve er soleis ei av dei siste i den lange arverekka der denne kunnskapen er gitt frå kvinne til kvinne.



Velkommen til ei lita tidsreise på Sunnmøre Museum!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar